Høyring - Revisjon av Forskrift for SFO i Austevoll kommune gjeldande frå 1. januar 2025

Kommunedirektøren ønsker å få vedtektsfesta gratis kjernetid også for 3. trinn i reviderte vedtekter for SFO, samt endringar i opningstider i jule- og påskeferie. Høyringsfrist er fredag 15. november 2024.

Vedtak om høyring

Utval for oppvekst, skule og kultur vedtok 14.10.2024 i sak 41/2024  å sende revidert forskrift for SFO ut på høyring.

Det blei gjort følgande vedtak: Utval for oppvekst, skule og kultur vedtar å sende på høyring reviderte vedtekter for SFO ved grunnskulane i Austevoll.

  • Høyringspartar er Selbjørn skule og Storebø skule, organisasjonane og skulane sine rådsorgan, representert ved FAU og SU. Andre som ønsker å uttale seg om framlegget til reviderte vedtekter, kan òg gje høyringsuttale.
  • Høyringsfrist er fredag 15. november 2024.

 

Saksframlegg og framlegg til forskrift

Saksframlegg - Revisjon av Forskrift for SFO i Austevoll kommune gjeldande frå januar 2025 (PDF, 75 kB)

Høyringsframlegg - Forskrift for SFO i Austevoll kommune gjeldande frå 1. januar 2025 (PDF, 228 kB)

 

Informasjon om å sende høyringssvar

Send høyringssvar til postmottak@austevoll.kommune.no.

Merk saka med arkivnummer 2024/2550.

Høyringsfrist er 15. november 2024