Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Parkeringsløyve for forflytningshemma
Parkeringsløyve er eit hjelpemiddel du kan få om du har vanskar med å gå over ei viss lengd. I Austevoll kommune er det servicekontoret som behandlar søknader om parkeringsløyve.
Publisert av Liv Janne Klepsvik
Publisert 30.05.2018 11.22
For å få parkeringsløyve må du ha vesentleg vanskar med å gå, og ha behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader. I tillegg til legeerklæring blir det krevd at parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg for å dekke ditt behov.
- Legeerklæring. Denne skal vere utfylt med opplysningar om din medisinske situasjon og diagnose, samt kor mange meter du er i stand til å gå med og utan hjelpemidlar. Det må også stå om deu brukar krykker, stokk, rullator eller rullestol.
- Passfoto av deg sjølv.
- Kopi av førarkort dersom du søkjer som førar av bil (kopi av begge sider av førarkortet). Førar over 75 år må sørgje for å leggje ved kopi av gyldig førarkort som er fornya av Statens Vegvesen.
Beskriv i søknaden kvifor det ordinære parkeringstilbodet på stadene du ofte besøkjer ikkje kan nyttast.
Det anbefalast at du fyller ut søknaden nøye slik at me får eit godt bilete av ditt behov, samt at me ikkje brukar unødvendig lang tid på behandling av søknaden.
Tenk godt gjennom:
- Kor er det du har problem med å parkere og kor ofte er du her? (Skriv stad/gatenamn)
- Kvifor er det vanskeleg å parkere her?
- Kva slags parkeringsplassar finst her?
- Kva er det som gjer at du ikkje kan bruker dei ordinære plassane her?
- Korleis vil eit parkeringsløyve konkret hjelpe deg på desse bestemte stadene?
- Er du ofte til behandling, opptrening eller hos lege så spør om du kan få dokumentasjon på dette.