Overordna smittevernplan

5 Normalsituasjonen

5.1 Førebygging av smittsame sjukdomar

God kunnskap i befolkninga generelt og Basale smittevernprosedyrar er dei viktigaste reiskapane for å førebyggja smitte. Alle kommunale tenester skal ha interne reglar for å hindre smitte. Det er viktig å arbeide for god hygiene og kunnskap i befolkninga. Tilgang på kondom og tiltak for å motverke seksuelt overførte sjukdomar er viktig. Helsestasjon for ungdom er gratis lågterskeltilbod til ungdom i kommunen der førebygging av seksuelt overførbare infeksjonar er viktig.   Dei mest utsette aldersgrupper for alvorleg infeksjon er dei under 20 år og over 70 år. Dei unge er i utvikling og har ikkje opparbeidd nok motstandskraft mot infeksjonar. Dei eldre vil stå i større fare for å ”bukke under” både av sjølve infeksjonen, og av moglege ettersjukdomar. I den vaksne befolkninga er visse personar utsette; som personar med hjarte- og lungesjukdomar, kroniske sjukdomar, og personar med nedsett motstandskraft, til dømes grunna svekka immunsystem. Rusmisbrukarar og menn som har sex med menn er og særleg utsette for visse typar infeksjonar.

5.2 Vaksinasjonsstatus

Den viktigaste innsatsen for å verne mot infeksjonar er å ha ein så god vaksinasjonsdekning som mogleg. Helsestasjonane og skulehelsetenesta utfører vaksinasjonsarbeid for barn og unge samt for vaksne flyktningar etter sentrale retningsliner. Andre aldersgrupper får sine vaksinasjonar ved legekontora, heimesjukepleia, sjukeheim og ved reisemedisinske tenester. Dette gjeld til dømes influensavaksine, pneumokokkvaksine, stivkrampe- og difterivaksine. Alle vaksinasjonane er frivillige.

Vaksinasjonane vert melde til Nasjonalt vaksinasjonsregister Det vert årleg utarbeidd statistikk for vaksinasjonsdekninga. Helsestyresmaktene har ønskt minimum vaksinasjons-dekning på 90-95 % for ymse vaksinar. Dette har ein klart å oppnå i Austevoll kommune dei fleste åra.

Vaksinasjon og rådgjeving til utanlandsreisande vert og gjeve ved Austevoll Legesenter og ved bedriftshelsetenester. Vaksinasjon og rådgjeving til utanlandsreisande krev stadig oppdatering av kunnskap om den epidemiologiske situasjonen og vaksinetilhøvet.

Gjennomgang av vaksinasjonsstatus og vaksinering av personar som flyttar til kommunen frå utlandet (inkludert tuberkulosekontroll) skjer i samarbeid mellom smittevernansvarleg Helsesjukepleiar og smittevernlege. 

5.3 Prøvetaking

Prøvetaking av pasientar med mistenkt smitte
I sin praksis skal fastlegane ta relevante prøver av smitta personar som er mistenkte for smitte. Legane har spesiell plikt til å vere årvakne ved allmennfaglege smittsame sjukdomar, og setja i verk undersøking som er naudsynt for å klarleggja diagnosen. Dersom ein smitta person motset seg undersøking, kan det gjerast vedtak om tvangsundersøking, jf. smittevernlova § 5-2.

Prøvetaking av næringsmiddelverksemd
Vassverkeigarar, eigarar av badeanlegg og næringsmiddelverksemd skal ha internkontroll som mellom anna skal gje dokumentasjon av produktkvalitet. Som eit ledd i tilsynsarbeidet tek Mattilsynet prøver. Austevoll kommune kjøper tenester av Helsevernetaten i Bergen kommune. Desse har tilsyn med badeanlegg. Kommunen tek sesongmessige vassprøver av dei mest nytta badevatna i kommunen.

Prøvetaking av dyr
Kontroll og prøvetaking av smitta og smitteførande dyr, er lagt til veterinærstyresmaktene. Ved smittsam sjukdom som kan overførast til menneske, er ein plikta å melda dette til smittevernlegen.

Obduksjon
Smittevernlegen kan vedta at den døde med allmennfagleg smittsam sjukdom skal obduserast, jf. smittevernlova § 4-5.

5.4 Mattilsynet

Næringsmiddelverksemder har plikt til å føre internkontroll og Mattilsynet fører tilsyn med dette. Etter smittevernlova skal Mattilsynet straks underrette smittevernlege ved mistanke om smittsam sjukdom som kan overførast til menneske via næringsmiddel. Smittevernlegen skal melde til Mattilsynet dersom denne får kjennskap til slik smitteoverføring. Kommunen har eigen plan for handtering om mistanke om matboren smitte.

5.5 Drikkevatn

Drikkevasssforskrifta gjeld for alle som har ei vasskjelde som forsyna meir enn ei husstand. Frå 2017 er det krav om registrering hos Mattilsynet. Avvik i kvalitet på drikkevatn som kan ha innverknad på helse skal straks varslast til Mattilsynet. I Austevoll får over 98 % av innbyggjarane vatn frå Austevoll Vatn- og Avløp (AVA). Kommuneoverlegen har tett dialog med AVA og varslast straks ved forstyrring i drift. Kommuneoverlegen mottek kopi av alle prøvesvar analyse av drikkevatn frå AVA. 

5.6 Bassengbad og friluftsbad

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu mv. regulera verksemder med symjebasseng, boblebad med vidare utandørs og innandørs. Kommunen ved avdeling for miljøretta helsevern er tilsynsmynde. Ved uføresette forhold ved verksemda som kan medføre helsemessig risiko skal kommunen varslast omgåande av han som eigar eller drive anlegget. For friluftsbad gjeld EU sitt badevatendirektiv. Austevoll Kommune har tilsyn med dei mest brukte badeplassane i kommunen. 

5.7 Avfallshandtering

Det har i mange år vore obligatorisk renovasjonen i heile kommunen. Det er og innført avfallshandtering med levering av organisk avfall.

5.8 Kloakkhandtering

Det er ikkje kommunalt reinseanlegg for kloakk i kommunen. Husstandar har private anlegg med septiktank eller reinseanlegg. Det er ordning for tømming av septiktank. Frå septiktank går kloakken ureinsa til sjø. Gamalt ledningsnett for kloakk i store delar av kommunen.

5.9 Skadedyrkontroll

Dersom det er mistanke om at skadedyr (til dømes rotter) medfører fare for sjukdomsoverføring, må det vurderast bekjemping. Fleire firma er godkjende for å drive med bekjemping av skadedyr.  Private bedrifter, husstand og institusjonar må sjølv sørge for sikring og rotteutrydding. Kommunen ved Miljøretta Helsevern kan gje pålegg om sanering av skadedyr.

Hundar og kattar medfører lite hygieniske problem, men kan overføre tilstander som innvollsorm, ringorm og toksoplasmose.

Andre plagsame smådyr er lus og lopper, som frå tid til anna finn stad i skuler og barnehagar. Det har vanlegvis vore lett å utrydde hovudlus når ein kjenner til tilstanden. Smitten kan skje direkte eller indirekte via luer og skjerf. Folkehelsa har dei siste åra registrert aukande behandlingssvikt av dei midlane som har vore nytta (Nix og Prioderm). Bruk av finkam vert igjen tilrådd. Ein har i siste tid (2020) sett ein aukande behandlingsresistens med omsyn til skabb. 

Kontroll med frisør- og skjønnhetssalongar og solarium er eit arbeid som utførast av helsevernetaten i Bergen på oppdrag frå Austevoll kommune. 

5.10 Diagnostering av smittsam sjukdom i allmennpraksis og på sjukehus

Fastlegetenesta, institusjonslege, legevakt og Spesialisthelsetenesta har ansvar for diagnose og behandling av smitsame sjukdomar.   Til vanleg vil diagnose verte stilt av legar i allmennpraksis og/eller på sjukehus, og ved hjelp av mikrobiologisk laboratorium. Det er viktig med tidleg diagnose for behandling og førebygging. Mikrobiologiske prøvar er avgjerande for rett diagnose så laboratoriearbeidet ved fastlegekontoret er viktig. I særskilde høve kan det vere aktuelt med bruk av tvang for å sikre diagnostisering og behandling av sjukdom. Kommuneoverlegen må då kontaktast.

Mikrobiologisk laboratorium varslar rekvirent ved funn av meldepliktig sjukdom. Rekvirent har plikt til å varsle vidare til kommuneoverlege og til MSIS.

Smittevernlegen arbeidar tett på fastlegetenesta i Austevoll, og har tett dialog med legane om smittesituasjonen i kommunen til ein kvar tid. Fastlegane varslar ved meldepliktige sjukdomar, mistanke om epidemiar eller utbrot. Barnehagar kan og melde til smittevernlegen ved oppblomstring av smitte. Smittevernlegen mottek rapport kvar månad frå Austevoll Pleie- og omsorgssenter med tal infeksjonar. Kommunen med institusjon deltek i nasjonal kartlegging av infeksjonar i sjukeheimar. 

Spesialisthelsetenesta varslar smittevernlegen ved meldepliktige sjukdomar hos sine pasientar.  Kommuneoverlegen mottek kopi av MSIS melding for innbyggjarar frå Austevoll Kommune som får diagnostisert meldepliktig smittsam sjukdom i andre kommunar. 

MSIS meldingar arkiveras i kommunen sitt arkivsystem ACOS slik at ein kan ha oversikt over tal på tilfelle av kvar sjukdom.

Kommunen har eigne planar for førebyggjing, diagnose og oppfølgjing av visse alvorlege meldepliktige sjukdomar (tuberkulose, MRSA, Legionella, Hepatitt C) samt for mottak og undersøking av flyktningar, asylsøkjarar og personar som kjem til kommunen gjennom familiegjenforening. Smittevernlege og Smittevernansvarleg Helsesjukepleiar samarbeidar om dette. Kommunen har og plan for håndtering av utbrot med næringsmiddelbåren eller vassbåren sjukdom.

5.11 Behandling/tiltak ved smittsam sjukdom

Behandlande lege (fastlege/legevakt/spesialisthelsetenesta)  har ansvar for å gje pasienten opplysning om sjukdomen, smittevegar og personleg smittevernrådgjeving i tillegg til behandling og oppfølging. Behandlande lege har og ansvar for smittesporing, varsling ved utbrot og melding til MSIS og Kommuneoverlege ved meldepliktig sjukdom. Ved behov vil legen vise pasient vidare til spesialist, eventuelt leggja pasienten inn ved sjukehus.

Behandlande lege kan rådføre seg med Smittevernlegen ved behov. Smittevernlegen kan lage tiltakskort og prosedyrar med lokale råd til fastlegetenesta ved epidemiar, til dømes ved mange tilfelle av skabb, sjeldne sjukdomer som ebola med meir.

I einskilde høve, kan det vere aktuelt med isolering i heimen i ein periode for å unngå smitteoverføring i til dømes barnehagar, skuler, arbeidsplass og liknande. I andre alvorlege høve, vil isolering i sjukehus vere naudsynt. Andre tiltak: Dette kan omfatte sjukemelding av personar med arbeid i næringsmiddelbransjen. Smitta person med allmenn farleg sjukdom som kan smitte andre gjennom sitt arbeid, kan får forbod om å utføre arbeidet. Under andre tiltak kjem til dømes desinfeksjon av vatn, bruk av andre vasskjelder, oppsporing av smitteførande matvarar, dyr og liknande. Kommunestyret, smittevernlegen og kommuneoverlegen eller nasjonale myndigheit kan når det er naudsynt for å førebyggje ein allmenn farleg smittsam sjukdom, vedta møteforbod, stenging av verksemd, isolering og smittesanering, jf. smittevernlova § 4-1:

Arbeid mot antibiotikaresistens er ein viktig del av smittevernarbeidet, og Smittevernlege samarbeidar tett med fastlegetenesta og institusjonar om tiltak for å motverke antibiotikaresistens. Riktig antibiotikabruk er eit tema som det arbeidas med kontinuerlig, og kommunen deltek i regionale og nasjonale program for å kartlegge antibiotikabruk og bidra til riktig bruk. 

5.12 Informasjon

Dette vil omfatte opplysning om smittsame sjukdomar og spesielle sjukdomar der det kan vere aktuelt med spesielle tiltak. Smittevernlova § 6-1 omtalar rett til informasjon for den som står i fare for å bli smitta av ein allmenn farleg smittsam sjukdom.

Informasjonen vil omfatte følgjande grupper:

  1. Innbyggjarane generelt. Eit høgt kunnskapsnivå hjå innbyggjarane vil kunne hjelpa mot spreiing av smittsame sjukdomar. Informasjonen må blir gjeven der det er naturleg, ved helsestasjon, ved legekonsultasjonar og liknande.
     
  2. Spesielle grupper (til dømes skuler og barnehagar):
    Ved visse smittsame sjukdomar kan det vere aktuelt med tiltak og informasjon andsynes spesielle grupper.
     
  3. Helsepersonell må få informasjon om smitteverntiltak der det er aktuelt.

Massemedia. Informasjon om smittsame sjukdomar generelt kan bli gjeven gjennom massemedia som radio, sosiale media, nettstadar og avis, og må nyttast når det gjeld spesielle epidemiar.