Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan består av eit plankart, føresegn og planskildring. Planen angir bruk, vern og utforming av areal, og viser korleis eit areal kan nyttast og eventuelt byggast.

Det finnes to typar reguleringsplanar:

1. Områdereguleringsplan

Blir brukt av kommunen der det er krav om områdeplan i kommuneplanens arealdel, eller kommunen vurderer at det er behov for å gi meir detaljerte, områdevise avklaringar av arealbruken. Områderegulering blir utarbeidd av kommunen. Kommunen kan likevel overlata til andre mynde og private å utarbeida forslag til områderegulering.

2. Detaljreguleringsplan

Er ein plan for mindre område, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planforma for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av ulike typar verdiar. Den erstattar tidlegare detaljert reguleringsplan og byggeplanar.

Detaljregulering blir brukt for å følgja opp kommuneplanens arealdel og eventuelt etter krav fastsett i ein vedteken områderegulering. Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde har rett til å fremja forslag til detaljregulering.


Prosess og krav til innhald i plandokumenta er lik for dei to plantypane. Du finn informasjon om dette under Rettleiing til utarbeiding av reguleringsplan

 

Medverking og politisk handsaming

Ein plan blir til gjennom ein lovregulert prosess etter føresegn i plan- og bygningslova. Du kan alltid kontakta både den som fremjar planforslaget og kommunens sakshandsamar for å få svar på spørsmåla dine undervegs i arbeidet. Du kan senda inn dine formelle innspel ved to tidspunkt i prosessen:
• når varsel om oppstart av planen blir annonsert.
• når forslaget til planen blir send på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.
 
Vi gjer merksam på at e-post blir handsama som ordinær post, og blir journalført. Me rår deg til å ha ein formell framstilling i e-posten.

Varsel om oppstart av planarbeid

Oppstart av planarbeidet blir kunngjort i ei avis, Marsteinen, på nettsida til kommunen og i brev til råka partar. Dei viktigaste opplysningane er avgrensinga til planen og formålet med planarbeidet. Frist for å komma med innspel står i varselet og skal vere minimum 4 veker. Alle planar som det er varsla oppstart på ligg på på nettsidene til kommunen.

Offentleg ettersyn

Forslag til reguleringsplanar blir handsama av kommunestyret og plan- og byggesaksutvalet. Ved vedtak om å senda forslaget ut på høyring og offentleg ettersyn får råka partar tilsendt skriftleg brev om dette. Brevet gjæv ein kort oppsummering av planforslaget og informasjon om kor ein kan sjå relevante dokument og kven ein kan kontakta ved spørsmål. At planforslaget er på høyring blir kunngjort i Marsteinen og blir tilgjengeleg på Austevoll kommune nettsida si. Høyringsfristen er minimum seks veker.

Klage

Det er kommunestyret som til slutt endeleg vedtek reguleringsplanen. Alle råka partar får vedtaket tilsendt. Fristen for å klaga på vedtaket er 3 veker etter at vedtaket er gjort offentleg. Vedtak av planen blir annonsert i Marsteinen og plandokumenta blir tilgjengeleg på nettsida til kommunen.

 

Ein oppdatert liste av reguleringsplanar på høyring og til klagevurdering er alltid tilgjengeleg på Austevoll kommune sine heimesider.

Kontaktinfo

Plan- og byggesaksavdelinga
E-post
Telefon 55 08 11 00


Våre opningstider er: 
Måndag-onsdag og fredag:
kl. 10:00 til 14:00

Utanfor opningstid kan du sende oss førespurnad per e-post, så skal vi svare deg så snart vi kan.