Velkomen til nytt skuleår i kulturskulen!

Danseaktivitet - Klikk for stort bileteOppstart i kulturskulen Austevoll kommune

Snart er sommarferien over, og 15. august startar eit nytt skuleår både i grunnskulen og kulturskulen!

Vi håpar de alle har hatt ein fin ferie, og at de er klare for nye opplevingar og utfordringar i kulturskulen!

Og hjarteleg velkomen til alle dei nye elevane!

Den første veka startar vi med oppstartssamlingar for elevar, lærarar og foreldrar i perioden 15. – 21. august.

På desse samlingane vil de få informasjon om kulturskulen, undervisninga og tid og stad for timane, og de vil få møte lærarane de skal ha.

Det vert og halde val på foreldrerepresentantar til samarbeidsutvalet på desse samlingane.

 

Kva for ei oppstartssamling skal ein delta på?

Det vil vere i alt 4 oppstartssamlingar, og alle vil få ein e-post med informasjon om kva for samling(ar) ein skal delta på.

Dei som skal gå på to eller fleire fag må kanskje møte på fleire samlingar.

Sjølve undervisninga i kulturskulen startar frå og med torsdag 22. august.

Med dette vil me ynskje alle elevar og foreldrar velkomne til nytt skuleår i Austevoll kulturskule!

 

Helsing Austevoll kulturskule

Artikkelliste