Leigeprisar Kongsen kultursal for aktører tilhøyrande i Austevoll kommune

Frivillige-/lokale lag og organisasjonar, eller liknande.

Utleigepris for konferansar/arrangement/opptreden som krev enklare AV-utstyr

Leige 2500 kroner

  • inkl. mikrofonar og prosjektor (stort lerret)
  • standard lyssetting
  • Lyd-/lysteknikar krevst ikkje til dette standardoppsett av utstyr, og er ikkje 
    inkludert i prisen.  Eventuell leige av teknikar 800 kroner per time.
  • Du/de må sjølv kontakte Austevoll kommune for å avtale henting av nøklar og få ein kort opplæring i å kople på lyd-/lysutstyret.
  • Varighet i inntil 8 timar, inkl. bruk av AV-utstyr.


Ta kontakt om meir bistand er ønska.


Utleigepris for konsert eller forestilling

Teknikar er inkludert. Høg standard på lyd og lys. Du slepp rigging med meir.

Leige 5900 kroner per dag eller helg (fredag ettermiddag-søndag kveld)

  • Inkluderer lyd/lysteknikar i inntil 2 timar.  
  • Leige av teknikar utover dette kostar 800 kroner per time.