Søvnkurset “Sov godt” er eit kurs som kan vere nyttig for deg som har problem med søvn. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet og er basert på kunnskap frå Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar (sovno.no) og Folkehelseinstituttet.
Publisert 16.07.2024 11.16
Sist endra 16.07.2024 13.47
Søvnkursa går over 4 samlingar à 2 timar
Oppstartsdato for digitalt søvnkurs: Måndag 18.11.24 kl. 10.00-12.00.
- Kurset blir halde på måndagar kl. 10:00-12:00 i perioden 18.11. - 09.12.24.
- Lenke til påmelding. Påmeldingsfrist: 14.11.24
- Avmelding til digitalt kurs er ikkje mogleg via påmeldingsskjemaet. Dersom du ønsker å melde deg av, må du gjere dette på e-post: frisklivssentralen@bergen.kommune.no
Søvnkurs er for deg som opplever søvnvanskar som går ut over kvardagen og som ønsker å forbetre søvnkvaliteten utan bruk av medikament.
Dei fleste som får behandling for søvnproblem får medikament sjølv om kognitiv åtferdsterapi har vist seg å vere langt meir effektivt. Du kan oppnå stor forbetring av søvnen med relativt enkle grep, heilt biverknadsfritt! Dette er utgangspunktet for søvnkurset “Sov godt”.
Meir informasjon
Brosjyre (PDF, 2 MB)
SOVno
Helsenorge/søvn