Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Det blir nye digitale Tankevirus-kurs hausten 2024. Du får ei møtelenke i forkant av kurset og du deltek anonymt.
Publisert 16.07.2024 13.00
Sist endra 16.07.2024 13.52
Når er det kurs og for kven?
Vestland fylkeskommune arrangerer kurs i Tankevirus i samarbeid med Bergen kommune. Dette er eit tilbod som innbyggjarar i Austevoll kommune kan nytte seg av.
- 20.09.24 og 27.09.24 kl. 13.00–15.00: Kurs for tilsette innan opplæring i bedrift (opplæringskontor, lærebedrifter, rettleiingstenesta, miljøkoordinatorar) – meld deg på dette kurset.
- 21.10.24 og 28.10.24 kl. 18.00–20.00: Kurs for elevar og ungdom i oppfølgingstenesta – meld deg på dette kurset.
- 22.10.24 og 29.10.24 kl. 18.00–20.00: Kurs for lærlingar og lærekandidatar - meld deg på dette kurset.
Kursa går over to dagar, og du som melder deg på, må sette av begge datoane.
Meir informasjon finn du her
I tillegg så arrangerer også Bergen kommune kurs i Tankevirus som innbyggarar i Austevoll kan nytte seg av:
- Tysdag 17.09.24 kl. 18.00-20.00 - etterfølgande samling er 24.09.24 - meld deg på dette kurset. Påmelding innan: Torsdag 12.09.24
-
Meir informasjon finn du her
Kva er Tankevirus?
Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.
Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Søk opp “Tankevirus” der du lastar ned appar. Appen er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. 7 av 10 opplever betring.
“Alle burde få anledning til å ta eit sånt kurs!”
Meir om Tankevirus
Kven står bak kurset?
Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kursa i Tankevirus.
Brosjyre (PDF, 424 kB)