Folkehelseprofil 2024

Kvart år publiserer Folkehelseinstituttet folkehelseprofilane for kvar av landets kommunar. Profilane gir informasjon om helsetilstanden og påverknadsfaktorar, og er eit grunnlag for det lokale arbeidet med å betre folkehelsa. Årets tema er eldre si helse. ­

Det er mogleg å påverke helse og funksjon gjennom heile livsløpet, også i eldre år. Å leggje til rette for helsefremjande levevanar gjennom heile livet er viktig for ein god alderdom. Det er til dømes anslått at så mykje som 40 prosent av alle tilfelle av demens kunne vore unngått dersom ein hadde førebygd faktorar som høgt blodtrykk, fedme og diabetes, og unngått røyking og høgt alkoholkonsum, seier Bjørn Heine Strand, aldringsforskar ved Folkehelseinstituttet.

 

 

Austevoll ligg på landsgjennomsnitt på dei fleste punkta i folkehelsebarometeret.

Positivt skil me oss ut på at delen som bur i hushald med vedvarande låg inntekt, er lågare enn landsnivået. På ei anna side, er lågaste meistringsnivå i lesing på 5. trinn dårlegare enn landsnivået.

Les heile folkehelseprofilen for Austevoll her  folkehelseprofil 2024

Søk og last ned folkehelseprofilar