Folkehelse

Folkehelse er eit sentralt satsningsområde i Austevoll. Folkehelseperspektivet gjer seg gjeldande innafor alle tenesteområda, og det vert arbeidd tverrfagleg for å fremje god helse blant innbyggarane.

Overordna vert folkehelseperspektivet teke omsyn til- og integrert i alle planar i kommunen. I arbeidet ut mot innbyggarane strekk prosjekt seg frå

  • fysisk og psykisk helse,
  • arbeid med frivillige lag og organisasjonar om aktivitet og infrastruktur for aktivitet
  • arbeid med flyktningar
  • samarbeid med skule og oppvekst.

Sistnemnde blant anna gjennom Austevoll kommune sitt MOT-engasjement. Folkehelsearbeidet blei ytterlegare forankra då kommunestyre i desember 2017 ga si tilslutning til målsettingar, prinsipp og strategiar i «Fremsam», WHO sitt norske nettverk, og søkte om medlemskap i «Fremsam»  frå 2018.

Kontaktinfo

Marie Strand Fugelsnes
Folkehelserådgjevar
E-post
Telefon 55 08 11 16