Få støttekontaktLytt til tekstenStopp avspillingStøttekontakt er ei teneste for personar som treng hjelp til å få ei aktiv fritid og hindre sosial isolasjon. Støttekontakten kan tilby sosialt samvær og følgje til ulike typar fritidsaktiviteter. Kva ein gjer blir tilpassa etter kva ynskjer, behov og forutsetninger mottakeren har. Publisert av Liv Janne Klepsvik Publisert 08.06.2018 13.50 Søk støttekontakt/fritidskontakt Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 167 kB) Kontakt kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpa deg dersom du har behov for det. Hvis ein annan søker på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt til dette. Søknadsskjema kan ikkje sendast inn elektronisk, men sendast per post til Austevoll kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Kven kan søke om støttekontakt? Alle som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting treng assistanse for å få ei meiningsfylt fritid og hindre sosial isolasjon. Støttekontakt blir som hovedregel ikkje innvilga til barn under 8 år, til personar som bur i institusjon eller i bemanna omsorgsbustader, og personar som har behov for ein til ein bemanning. Tildelingskriteria I vurderinga av om du fyller kriteria for å få vedtak om støttekontakt ser vi på desse momenta: Om du har eit dokumentert behov på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller andre årsaker. Om støttekontakt er det beste for deg. Om du kan nyttiggjere deg hjelp frå ein ufaglært støttekontakt, eller om du har behov bistand frå person med fagkompetanse. Om du har vanskar av fysiske eller psykiske årsaker som gjer at du treng bistand for å kome deg ut av heimen. Kva nettverk du har. Om tenesta Støttekontakten kan kome på besøk heime, bli med på kafé, kino, idrettstilstelninger eller andre sosiale aktivitetar. Fritidstilbodet skal tilpassas dine ynskjer, behov og føresetnader. Pris Tenesta er gratis. Utgifter du sjølv har i høve billettar, reise og til dømes mat på kafé må du dekke sjølv. Du skal ikkje betale for utgifter som støttekontakten har. Behandling av saka Kommunen skal innhente naudsynte opplysningar for å behandle søknaden. Naudsynte opplysningar kan vere uttale frå lege eller andre og heimebesøk. Ut frå innhenta informasjon vert det fatta vedtak. I vedtaket finn du grunngjevinga for avgjersla. Kommunen skal behandle søknaden så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan behandlast innan ein månad, skal du ha skriftlig varsel om dette. Kva skjer om kommunen ikkje klarer å skaffe meg fritidskontakt/støttekontakt? I dei tilfella der du fyller vilkåra for å få vedtak om fritidskontakt/støttekontakt, og der det ikkje lukkast å rekruttere støttekontakt innan ei rimeleg periode på 6 månader, vil kommunen sette i verk kompenserande tiltak. Kompenserande tiltak kan vere aktivitetstilbod gjennom miljøarbeidertenesta eller anna. Klage Du kan klage på vedtaket. Det må klagast innan fire veker frå du mottek vedtaket. I klaga må du grunngje kvifor du ikkje er nøgd med vedtaket og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing til å klage, kan du kontakte tildelingskontoret som vil hjelpe deg med dette. Ved ei klage, behandlar kommunen saka på nytt. Om vedtaket blir oppretthalde, vert saka sendt til Statsforvaltaren som fattar endeleg avgjersle i saka.