HeimesjukepleieLytt til tekstenStopp avspillingHeimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Publisert 15.06.2018 14.52 Sist endra 22.03.2022 09.37 Søk om heimesjukepleie Trykk her for å skrive ut og fylle ut skjema (PDF, 167 kB) Send søknad til: Austevoll kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 STOREBØ Du må ha fast bustad/ opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. Kva kan du få hjelp til? hjelp med medisinar og medisinske prosedyrer dagleg stell sårbehandling rettleiing om kosthald og helsespørsmål hjelp til å stå opp, leggje deg og toalettbesøk rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigahand (dosere medisinar, skifte stomi med meir) tilsyn både digitalt og fysisk Kva kostar det? Heimesjukepleie er gratis. Kva skjer vidare? Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak. Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Dersom du får heimesjukepleie meir enn ein gong i veka, så vil du etter tre månader ha rett på gratis tannhelseteneste. Klage på vedtaket Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland, som avgjer om klagen skal takast til følgje. Send klaga til: Austevoll kommune Tildelingskontor Birkelandsvegen 2 5392 Storebø Kontaktinfo tildelingskontoret på telefon 55 08 14 05 eller 55 08 14 06, kvardagar kl. 09:00–15:00 heimetenesta på telefon 55 08 15 47, kvardager kl. 08-15, eller på vakttelefon 97 65 21 32 på kveld og helg