Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

TryggEst - vaksenvern

I Austevoll kommune kan TryggEst-teamet hjelpe deg om du, eller andre, er utsett for vald eller overgrep. 

TryggEst er ein modell som skal bidra til å forhindra, avdekka og handtere vald og overgrep mot vaksne.

Du kan kontakte TryggEst-teamet både om du er bekymra for ein person eller om du sjølv er utsett for vald eller overgrep. Du treng ikkje å vere sikker på at det du har opplevd, eller trur nokon andre oppleve, er ulovleg for å melde frå. Det er viktig at du tar kontakt, slik at du eller andre kan få hjelp. 

TryggEst-teamet består av erfarne personar, med rett kompetanse til å handtere alle typar situasjonar der det er vald og/eller overgrep involvert.

TryggEst-telefonen er eit lågterskel tilbod. Den er open måndag til fredag frå 08:30 til 15:30(15:00 - sommartid). Ta kontakt på tlf. 48 48 10 76

Ved akutt situasjon, kontakt politiet på telefon 112

TryggEst brosjyrar på fleire språk:

Les TryggEst - brosjyre på bokmål (PDF, 8 MB)

Les TryggEst - brosjyre på engelsk (PDF, 8 MB)

Les TryggEst -_brosjyre på nynorsk (PDF, 7 MB)
 

Kontaktinfo

TryggEst - vaksenvern kontakttelefon
Mobil 48 48 10 76

Ved akutt situasjon, kontakt politiet på telefon 112

Opningstider

Kontakttelefonen er open måndag til fredag frå kl. 08:30 til 15:30(15:00)