Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
Rutinar for journalføring og deling av helseopplysningar
Her får du informasjon om helsestasjon- og skulehelsetenesta i Austevoll kommune sine rutinar for journalføring og eventuell deling av helseopplysningane til deg eller barnet ditt.
Publisert 23.03.2023 09.59
Sist endra 04.04.2023 15.21
Tilgang til dine eller barnet sine helseopplysningar blir berre gitt til personar som har teieplikt og som treng opplysningane for å kunne gjere jobben sin.
Kapittel 8 i helsepersonelloven regulerer helsestasjon- og skulehelsetenesta si dokumentasjonsplikt.
I det elektroniske journalsystemet Hs-pro registrerer og systematiserer helsestasjon- og skulehelsetenesta helseopplysningar.
For at kommunen skal kunne yte best mogleg helse- og omsorgstenester er det behov for at du gir frå deg nokre opplysningar om deg sjølv og ditt behov for hjelp. Opplysningane er konfidensielle og skal registrerast i journalen din. Helsepersonell har dokumentasjonsplikt. Dersom det er særlege årsaker til at opplysningane ikkje skal delast med dei som treng dei, er det mogleg å sperre journalen for enkeltpersonar, avdelingar og tenesteområde.
Kommunen brukar elektronisk meldingsutveksling for å dele nødvendige helseopplysningar mellom tenestene i kommunen, fastlege, NAV og sjukehus. Dette er opplysningar som tidlegare har blitt utveksla via brev, faks og liknande. Ved å bruke elektronisk meldingsutveksling vil opplysningane kome raskare og sikrare fram til mottakar. Opplysningane kjem direkte inn i journalsystemet.
Du kan motsette deg at kommunen utvekslar og deler helseopplysningane dine ved å ta kontakt med ein av dei som yter tenester til deg.
Samtykke er å gi løyve. Kommunen baserer seg på stillteiande samtykke – vi går ut frå at du er einig i at nødvendige helseopplysningar kan delast. Dersom du ikkje ønsker at opplysningane blir delt, må dette formidlast til ein av dei som yter tenester til deg. Kommunen er pliktig til å informera deg om stillteiande samtykke og korleis dette blir praktisert. Du står når som helst fritt til å trekke samtykke tilbake. Dersom du vel å trekke samtykket, har dei som yter tenester til deg plikt til å informere deg om konsekvensane.
Samtykkekompetanse betyr at du har mynde til å gi samtykke. For å ha samtykkekompetanse må du vere ein myndig person eller vere ein mindreårig som har fylt 16 år.
Samtykkekompetanse kan falle bort heilt eller delvis dersom du openbart ikkje er i stand til å forstå kva samtykket omfattar. I dei tilfella er det andre som står deg nær eller eventuelt helsepersonell, som kan ta avgjersler på dine vegner. I enkelte tilfelle kan det også vere aktuelt å få oppnemnt verje.
Du har lovfesta rett til å få vite kva opplysningar som er registrert om deg. Dersom det er feil i opplysningane har du rett til å krevje at dei blir retta. Du har også rett til innsyn i journalen din, og du har etter førespurnad rett til kopi. Dersom du trenger ytterlegare informasjon, kan du ta kontakt med dei som yter tenester til deg, som vil formidle kontakt med journalansvarleg.
Helsepersonell skal, utan hinder av teieplikt og på eige initiativ, med ein gong melde fra til barneverntenesta når:
- det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved dagleg omsorg eller annan alvorleg omsorgssvikt
- det er grunn til å tru at et barn har livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling
- eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekket sitt særlege behov for behandling eller opplæring
- når et barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmidlar eller ein annan form for utprega normlaus åtferd
- når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel
Helsepersonelloven kapittel 6 regulerer helsestasjon- og skulehelsetenesta si meldeplikt.