Helsesjukepleiar i barnehagen - informasjon til føresette

Helsestasjonsprogrammet er lagt opp til tett oppfølging av barnet frå det er født til 2 års alder. Neste faste kontroll er når barnet fyller 4 år. Etter 2 års alder er det dei tilsette i barnehagen som har tettast kontakt med barn og familie. Helsestasjonen ønsker å styrke samarbeidet med barnehagane i kommunen.  

Ved å vere tilstades i barnehagane tilbyr helsesjukepleiar helsefagleg kompetanse og kan samarbeide med tilsette i barnehagane for å få eit best mogleg tilbod for barna.

Ved å ha eit godt samarbeid med barnehagane, er kommunen betre rusta til å fange opp sårbare familiar og barn og sette inn tiltak tidleg.

Dersom tilsette i barnehagane ønsker å drøfte barn med helsestasjonen skal det hentast inn skriftleg samtykke frå foreldra i forkant av drøfting.

Astrid Marlen Sivertsen og Camilla Torsvik er helsestasjonen sine representantar i barnehagane.

Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller synspunkt.

Kontaktinfo

Astrid Marlen Sivertsen
Helsesjukepleiar
Telefon 55 08 10 70
Mobil 40 80 01 58
Camilla Torsvik
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 55 08 10 70
Mobil 45 33 02 35

Opningstider

Helsesjukepleiar har fast trefftid i barnehagane annakvar onsdag frå kl. 10.00 til 12.00.