Hjelpemiddel for lengre periodarLytt til tekstenStopp avspillingDersom du har eit varig behov for et teknisk hjelpemiddel (over to år), kan du søka NAV om varig utlån. Søknaden må innehalda ei fagleg vurdering av behova dine. Nettsida til Austevoll arbeidssamvirke. Søk om hjelpemiddel for lengre periodar Kontakt ergo- og fysioterapitenesta telefon 55 08 14 16 eller mobil 913 92 968 Du kan også lesa om hjelpemiddel på nettsidene til NAV Uthenting og tilbakelevering av hjelpemiddel for langtidsutlån Hjelpemiddel blir levert frå NAV til Austevoll kommune sitt hjelpemiddellager ved Austevoll arbeidssamvirke (ASV) for vidare distribusjon. Vi kontaktar deg i forbindelse med utlevering. Vi ynsker at du kjem til hjelpemiddellageret og hentar om du kan, viss ikkje blir det kjørt ut til deg ved første tilgjengelege tidspunkt. Ved tilbakelevering må hjelpemiddelet merkast med namn og personnummer då dette skal i retur til NAV hjelpemiddelsentral. Vi ynsker at du eller nokon av dine pårørande kan frakta hjelpemiddelet til Austevoll hjelpemiddellager. Ta kontakt dersom du treng hjelp til å få henta hjelpemiddelet i bustaden. Reparasjon av hjelpemiddel Har du eit hjelpemiddel til korttid eller langtidsutlån som treng reparasjon, ta kontakt med hjelpeteknikkar ved Austevoll hjelpemiddellager på tlf 916 92 734. Du kan også kontakta ergo og fysioterapitenesta. Kva koster det? Dei fleste hjelpemiddel ved varig behov (over 2 år) dekker folketrygda. Kommunen dekker utlån ved kortare behov. Klage og tilbakemelding Alle klagar og tilbakemeldingar som gjeld hjelpemiddel kan rettast til leiar for ergo- og fysioterapitenesta. Publisert 11.06.2018 13.17 Sist endra 23.04.2023 12.14