Klage på vedtakLytt til tekstenStopp avspilling Du kan klaga på alle enkeltvedtak fatta av kommunen. Klagerett på enkeltvedtak vert regulert av forvaltningslova. Publisert 25.03.2018 13.35 Sist endra 21.03.2023 13.06 Klagen må sendast skriftleg per brev eller e-post og må vera sendt kommunen innan fristen er gått ut. Dette er normalt innan tre veker. Ønsker du å klaga på eit enkeltvedtak Frist for å klage er 3 veker frå du mottek vedtaket. Klage må vera skriftleg og grunngjeve Klage må vera postlagt før fristen går ut Først etter endeleg vedtak i klagesaka, kan kommunen eventuelt endra vedtaket Om kommunen ikkje er einig i klagen din, blir den sendt til Fylkesmannen Fylkesmannen avgjer klagen/gjer eit endeleg vedtak i saka (som normalt ikkje kan påklagast). Kva innhald må du ha med i klage Merk klagen med saksreferanse. Dette kan vera arkivsaknummer eller møtesaksnummer. Den eller dei endringane du ønsker Grunngjeving for klagen Eventuelle andre opplysningar som kan vera relevante for kommunen si vurdering av klagen Melde frå om ulovleg tiltak eller arbeid Om ein nabo eller andre har utført ulovlege tiltak eller bygging på sin eller nabo sin eigedom, kan du senda inn melding om dette til kommunen. Send melding til kommunen ved å senda e-post til postmottak@austevoll.kommune.no Meldinga bør vera skriftleg. Om mogleg bør du legga ved foto/kart av tiltaket/arbeidet. Du bør oppgje namn på grunneigar i tillegg til gards- og bruksnummer eller adresse på kor tiltaket er lokalisert. Ynskjer du å vere anonym så må du enten sende inn eit brev til postadresse Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø, utan namn eller opprette anonym e-postadresse og sende til postmottak@austevoll.kommune.no