DispensasjonLytt til tekstenStopp avspillingAlle tiltak som er avvikande frå lov, forskrift, kommune- eller reguleringsplan krev at du søker kommunen om dispensasjon. Publisert 25.03.2018 11.50 Sist endra 21.03.2023 13.06 Rettleiing iht. søknad om dispensasjon (NKF) (PDF, 202 kB) Korleis du søker om dispensasjon Dispensasjonsøknad kan fyllast ut i søknadskjema på NKF si dispensasjonsrettleiing (link (PDF, 202 kB)) eller i brevform (word- eller pdf-format). Søknad om dispensasjon må sendast kommunen per e-post (postmottak), post eller leverast direkte på servicekontoret på kommunehuset. Kommunen rår til at søkar/tiltakshavar kallar inn til førehandskonferanse ved tiltak som krev dispensasjon. Informasjon om førehandskonferanse finn du her: byggesaksforskrifta § 6-1. Hugs å senda med naudsynt dokumentasjon ved førespurnad om førehandskonferanse med kommunen. Generelt om dispensasjon Av og til er det sånn at tiltaket du skal oppføre ikkje samsvarar med planar og reglar. Det er her dispensasjonssøknad kjem inn i biletet. Dette kan til dømes vere dersom du skal bygge hytte i eit landbruksområde eller bygge noko innanfor grensa for byggeforbodet langs sjøen. Det kan også vere tilfelle der kommuneplanen seier at det må lagast reguleringsplan, men der du ønsker å bygge noko utan først å måtte lage plan. Dersom du er i tvil om arealformålet, kva plan som gjeld, eller om tiltaket krev dispensasjonssøknad, ta kontakt med plan- og byggesaksavdelinga. Det å søke dispensasjon betyr ikkje nødvendigvis at du får ja. Om du søker dispensasjon og byggeløyve samstundes, så vil kommunen normalt ikkje behandle byggesaka før dispensasjonen er innvilga. Dersom det vert avslag på dispensasjonssøknaden vil du sleppe å betale gebyret for byggesøknaden. Du må naturlegvis likevel betale gebyr for dispensasjonssøknaden som kommunen har behandla. Dersom du krev at begge søknadane blir behandla samstundes, så vil du måtte betale gebyr for begge søknadane. Du må forventa at dispensasjonssøknaden tar rundt 12-16 veker å behandle. Dersom nokon skulle klage på dispensasjonsvedtaket vil det ta endå lenger tid. Dette heng saman med kor komplisert saka er. Vi har opplevd at dispensasjonssaker faktisk kan ta meir enn eitt år. Sakshandsamingstid Det er generelt 12 vekers frist for sakshandsaming av dispensasjon, i tillegg kjem tida saka ligg til uttale hos relaterte mynde (normalt opptil 4 veker). Komplekse dispensasjonssaker kan kreva meir tid, men då skal kommunen opplysa om dette i god tid på førehand. Har kommunen opplyst at saka krev meir tid, vil du heller ikkje ha krav på reduksjon i gebyr dersom søknaden vert handsama innan den dato/frist som er opplyst om i brev frå kommunen. Gebyr Gebyr for handsaming av dispensasjon finn du i gjeldande gebyrregulativ for plan- og byggesaker. (PDF, 202 kB) Det vert rekna gebyr per forhold som krev dispensasjon, jf. gjeldande gebyrregulativ. Til dømes vert totalt gebyr for søknad om dispensasjon for avvik frå arealføremål i gjeldande plan og tiltak i strandsona (ved manglande byggegrense til sjø) pålydande 30 000,- NOK. Merk at du må betale dispensasjonsgebyret uansett utfall av dispensasjonssaka. Vert ikkje søknaden din handsama innan fristen, får du reduksjon i gebyr med 25% per veke over fristen. Treng du meir hjelp med søknaden din? Treng du ytterlegare hjelp med utfylling, argumentasjon og/eller vurdering ved søknad om dispensasjon, må du eventuelt ta kontakt med kjende, ein arkitekt/konsulent eller fagfolk som er kjent med gjeldande krav i lov/forskrift og tolking av arealplaner med føresegn. Her vil du og kunne få nærmare råd om det er sannsynleg at dispensasjon vert stetta eller ikkje for det tiltaket du ønskjer å bygge.