§ 3 Kontaktperson
3.1 Funksjonstid
Kontaktpersonen frå kommunestyret vert utpeika av kommunestyret for valperioden til kommunestyret.
3.2 Kontaktpersonen sine oppgåver
- Hjelpe ungdomsrådet med å etablera naudsynt kontakt med folkevalde organ og andre organ.
- Sikre at ungdomsrådet mottar saker som gjeld barn og unge på eit så tidleg tidspunkt at ungdomsrådet får uttale seg uttale seg før endeleg vedtak i saka.
- Sikre at fråsegn frå ungdomsrådet blir lagt ved saka og er tilgjengeleg for det folkevalde organet som gjer endeleg vedtak i saka.
- Sikre at saker som ungdomsråda tek opp på eige initiativ blir ført vidare til rådmannen, eventuelt leiar for relevant folkevald organ.
- Hjelpe til ved val.
- Samarbeida med administrasjonen om praktisk tilrettelegging og sekretærfunksjonar.
- Har ansvar for opplæring og kontinuitet i ungdomsrådet.