§ 1 Mandat, føremål og oppgåver
1.1 Austevoll ungdomsråd
Austevoll ungdomsråd eit demokratisk vald organ med oppgåve å ivareta interessene til ungdommane i kommunen. Ungdomsrådet er opprette i tråd med kommuneloven § 5-2.
1.2 Føremål
Ungdomsrådet er eit rådgjevande medverknadsorgan som skal sikra barn og unge rett til å påverka politiske prosessar og delta i samfunnsdebatten. Barn og unge skal oppleve seg som medborgarar med ansvar og med rett til å påverka saker i kommunen som dei opplever som viktige. Aktiv deltaking i samfunnsspørsmål bidreg til positiv identitet og gir erfaring som fortel oss at det nyttar å delta i utviklinga av lokaldemokratiet. Vaksne vil på denne måten oppleva ungdommen som viktige og kompetente. Ungdomsrådet si forskrift er forankra i FN sin barnekonvensjon artikkel 3 og 12 som seier at offentleg mynde alltid skal sjå til kva som er best for barna, og at barna har rett til å bli høyrt.
1.3 Austevoll ungdomsråd sine oppgåver
- Vere eit rådgjevande organ for kommunen i saker som vedkjem unge.
- Vere orientert om saker som blir handsama i kommunestyret.
- Drøfte barn og unge sine interesser i kommunen.
- Skape identitet til eigen kommune.
- Styrka samfunnsmessig engasjement blant barn og unge.
- Skapa møteplassar der ungdom i kommunen får uttale seg om saker.
- Etablera ordningar kring arrangement og aktivitetar som vedkjem barn og unge.
- Ungdomsrådet skal kvart år utarbeide ei årsmelding som skal vedtakast av kommunestyret, jf. forskrift om medvirkningsordninger § 2 femte ledd.
- Ungdomsråd skal ikkje behandla saker der deler av saksmaterialet er verna av teieplikt eller gjeld enkeltpersonar, jf. forskrift om medvirkningsordninger § 2 fjerde ledd.
- Ungdomsrådet kan velje personar til arbeidsgrupper for arrangement og andre aktivitetar for ungdom. Her må minst ein representant frå ungdomsrådet vere med.
1.4 Austevoll ungdomsråd sin møte- og talerett i folkevalde organ
Når saker som ungdomsrådet har uttalt seg om kjem til avgjerd i kommunestyret eller til organ med delegert avgjerdsrett, kan ein representant for ungdomsrådet få ordet for å presisere standpunkt eller klare opp i mistydingar.