Denne endringa er heimla i revidert forskrift om godtgjersle til fokevalde i Austevoll kommune for kommunevalperioden 2023-2027
Revidert forskrift blir lagt ut på Lovdata.
Timeføring - brukarrettleiing for politikarane
Bruk denne lenka for å logge deg inn: https://ak-ansattportal.sing.no/enterprise
Opne fana Meg selv. (Første gong kan du sjekke at det er registrert korrekt opplysningar om deg sjølv).
Gå inn på Personalskjema. Der finn du ein kalender kor du registrerer timelister og sende inn krav.
Slik registrerer du møtegodtgjersle:
Trykk på “Ny” og vel Ny timeføring
- Vel dato.
- Hugs å velja stilling hvis du har fleire stillingsforhold i kommunen.
- Deretter vel du skjema: Møtegodtgjørelse/styrehonorar.
- Fyll ut periode.
- Vel dato for møte. (Du må ev. endre “frå dato” øvrst i biletet). korrekt dato.
- Vel ein lønnsart.
- NB! Pass på at du skriv antal møter når du fører møtegodtgjersle, dvs. ikkje timetal. (Eitt møte = 1)
- NB: Pass på at du registrerer antal timar/ kilometer på korrekt dato.
- Dokumentasjon på tapt arbeidsforteneste må du sende til politisk sekretær ps@austevoll.kommune.no
Når du er ferdig å registrere ein lønsart har du følgjande val:
- Dersom du har ført feil, og ikkje vil lagre, trykk Avbryt.
- Dersom du skal registrere fleire artar på same dato, for eksempel km, trykk Lagre. Då vil du få moglegheit å registrere ein ny lønnsart.
- Trykk “Lagre og Lukk” når du er ferdig med alle registreringane dine.
Når timelista er lagra og klar for godkjenning må du inn på Liste og sende den inn.
Trykk på linja der det står 1 - Timeliste – Ikke levert – Periode og Opprettet
Då får du opp timelista, og også kven den blir sendt til for godkjenning.
Nedst på timelista er det også moglegheit for å redigere og ta utskrift.
Når du trykker Send, går timelista vidare til politisk sekretær for godkjenning.
Dersom du lagrar, men gløymer å sende inn timelista, blir den liggande i kalenderen og vil også bli vist på liste med status ikkje levert.
Neste gang du logger deg på vil du også sjå dette på oppgåvelista, sjå under.
Ved å trykke på Oppgaver for meg selv, vil du komme direkte inn på “listen” som du kan endra eller sende vidare for godkjenning.
Ver merksam på at for å få utbetalinga den 12. månaden etter at kravet er innsendt, må kravet vera sendt inn innan den 25. kvar månad.
Ved å opne fana Meg selv vil du få opplysningar om deg sjølv. Under Dokumenter ligg lønsslippen din kvar månad.