6 Økonomi og IKT
Avdelinga blir leia av økonomisjef.
6.1 Økonomi
Austevoll kommune hadde i 2021 driftsinntekter på kr 527,3 millionar og driftsutgifter på kr 513,3 millionar (inkludert avskrivingar). Brutto driftsresultat blei kr 14,0 millionar – 2,65% av driftsinntektene.
Skatteinngongen har vore god i 2021, kr 286,1 millionar. Dette er 149% av landsgjennomsnittet. Skatteinntektene korrigerte for inntektsutjamning var kr 17,6 millionar høgare enn budsjett. Frie inntekter per innbyggar blei kr 77 418, gjennomsnittet for landet utan Oslo er kr 63 811. Netto driftsresultat viser kr 14,9 millionar i 2021, eller 2,81% av driftsinntektene. Anbefalt måltal for netto driftsresultat er minimum 1,75%.
Det er netto avsett kr 15,6 millionar til disposisjonsfond i 2021, og med denne avsetninga er disposisjonsfondet på totalt kr 126,3 millionar, eller 23,9% av driftsinntektene. Kr 84,4 millionar av disposisjonsfondet stammar frå utbetalingar frå havbruksfondet.
Kommunen sine kostnader er fordelt forholdsmessig på desse områda i 2021:
I 2021 har kommunen hatt utgifter knytt til investeringar kr 56,6 millionar. Investeringane er hovudsakleg knytt til oppgradering av Soltun/Bjørketun, utlån av startlån, aula/kultursal ved Selbjørn skule, trapp ved Austevollbadet, sherpatrapp til Veten og oppgradering av Bekkjarvik bufellesskap.
Kommunen har per 31.12.2021 kr 612,4 millionar i langsiktig lånegjeld, av dette er 562,6 millionar til eigne investeringar og 49,8 lån til vidare utlån (startlån). Lånegjelda utgjer 116% av brutto inntekter, noko som er ein auke frå 113% i 2020. I 2021 blei det teke opp nye lån på til saman kr 43,5 millionar, 31,5 av desse var til eigne investeringar og 12 millionar var til vidare utlån (startlån). Det blei betalt avdrag med kr 19,7 millionar (samla i drift og investering). Minimumsavdrag i 2021 er berekna til 16 millionar, kommunen har såleis betalt 3,7 meir på gjelda enn det som er pålagt etter lova. Ved utgangen av året var 36% av den langsiktige lånegjelda sikra med fast rente.
Det er større kostnader til lønn i 2021 enn i 2020 – tilsvarande er det lågare kostnader til kjøp av tenester. Årsaka til dette er endring i drift av pleie- og omsorgstenestene der 2021 var fyrste året med heilårsverknad av omlegginga frå privat til offentleg drift.
Likviditeten i kommunen har vore god og stigande gjennom heile året. Ved nyttår er det bankinnskot på samla kr 175,8 millionar. Overskotslikviditet er plassert på eigen konto med noko høgare rente.
6.2 IKT
Austevoll kommune blei medeigar av IKT Nordhordland med verknad frå 1. januar 2020. Selskapet driftar alle IKT-løysingar i dei 10 eigarkommunane. Styret er samansett av dei 10 rådmennene, og representantskapet består av ordførarane i dei 10 kommunane. Selskapet har eit eige strategi- og innovasjonsråd - dette er med å sikre langsiktig planlegging og koordinering av nye løysingar som blir innført i kommunane. Det blir heile tida viktigare å sikre seg mot data-angrep, noko fleire kommunar har opplevd. IKT Nordhordland har fokus på dette og arbeidar målretta for å sikre oss på best mogleg vis. Analyse og krav til informasjonssikkerheit for data som kommunen behandler, inngår i alle IT-prosjekt.
Ordninga med utvida heimekontor er blitt vidareført. Det er også gjort endringar på helseservicekontoret som inneber at kommunen skal tilsette eigen person for å styre utvikling og implementering av velferdsteknologi hos oss.
I 2021 har Austevoll kommune implementert nye løysingar for sosialtenesta, samt oppgradert og utvida funksjonaliteten i fleire fagsystem bl.a. for helsestasjon, skuleadministrasjonen, barnevern og sentraladministrasjonen.
Fleire digitaliseringsprosjekt er igangsett i andre halvår og som vil bli satt ut i livet i 2022. Dette inkluderer blant anna ei utviding av kommunen sine publikumsløysingar.
Austevoll kommune erfarer at det er stabilitet og god drift av våre IKT-løysingar.
6.4 Oppstilling etter § 5-4, 1. ledd - Bevilgningsoversikt drift
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.
6.5 Oppstilling etter § 5-4, 2. ledd - Bevilgningsoversikt drift
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.
6.6 Oppstilling etter § 5-5, 1. ledd - Bevilgningsoversikt investering
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.
6.7 Oppstilling etter § 5-5, 2. ledd - Bevilgningsoversikt investering
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.
6.8 Oppstilling etter § 5-6 - Økonomisk oversikt etter art
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.
6.9 Oppstilling etter § 5-8 - Balanse
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.
6.10 Oppstilling etter § 5-9 Oversikt over samla budsjettavvik og årsavslutningsdisposisjonar
Årsrekneskap og konsolidert rekneskap.