Informasjon om førehandsgodkjenning
For å kunne søka om tilskot frå spelemidlar til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, må du først søka kommunen om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Det er bare eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidlane.
Målgrupper:
• barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år)
• personar som er fysisk inaktive og personar med nedsett funksjonsevne
• lokalmiljø
Anlegg:
Ordinære anlegg er anlegg for organisert og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet. Anlegget må vera ein del av en vedteken kommunal plan.
Nærmiljøanlegg er utandørsanlegg for eigenorganisert, fysisk aktivitet i nærmiljø for barn og ungdom og lokalbefolkning. Anlegget skal vera ope for alle.
Idrettsanlegget skal tilfredsstilla krava til universell utforming.
Anleggseigar pliktar:
- å halde anlegget opet for allmenn idrettsleg verksemd i 30/20 år (ordinært-/nærmiljøanlegg) frå ferdigstilling av anlegget. Anlegget skal drivast på årsbasis (sesongbasis for idretter som har kortare sesongar).
- å halde anlegget i god stand. Dei til ei kvar tid gjeldande sikkerhetsforskrifter skal følgjast.
Spelemidlar kan ikkje omdannast til forteneste. Eit eventuelt overskot skal gå til idrettslege føremål.