TV-aksjonen 2024

TV-aksjonen 2024 går til Barnekreftforeningen, Sundag 20. oktober går vi saman for små helter.

Annankvar dag får eit born i Noreg kreft, og kvar veke blir 10 born fødd med hjartefeil. Når eit born blir alvorleg sjuk, rammas heile familien. Ofte må bornet reisa langt for å få livsviktig behandling, og familien blir splitta i lange periodar.

TV-aksjonen 2024 går til Barnekreftforeningen, som skal etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan born med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan bornet får behandling.

Familien får moglegheit til å skapa ein heim heimefrå. Dei kan støtte kvarandre gjennom livets vondaste periode og få etterlengta pausar frå dei alvorstunge korridorar på sjukehuset. 

 

Sundag 20. oktober går vi saman for små helter. Meld deg som bøsseberar her