Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for barn og unge, unge vaksne og eldre

Målet med tilskotsordninga er at tiltaka som får tilskot skal bidra til å få fleire barn, unge, unge vaksne og eldre i varig auka aktivitet. 

Kven kan søke? 

Kommunar og regionale ledd av lag og organisasjonar. Søkar sine primæraktivitetar skal vere lokaliserte i Vestland, og tiltaket må ha overføringsverdi til andre. 

Organisasjonar/kommunane vert oppmoda til å samarbeide om tiltak på tvers av kommunane i fylket. 

Søknadsfrist

15. august 2024.

Ver merksam på at dei regionale organisasjonane kan ha eigne fristar.

Kva får ein støtte til?

  • Tiltak som skapar varig auka aktivitet.
  • Prosjekt som gjer det enklare for barn, unge, unge vaksne og eldre å vere aktive i lokalmiljøa.
  • Ny kompetanse og overføringsverdi.
  • Tiltaka skal lære oss noko, og modellane skal kunne delast med andre.
  • Tiltak med stor grad av medverknad frå målgruppene blir prioriterte.
  • Tiltak som fremjar fysisk aktivitet blant ulike grupper samtidig i same område.

 

Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og/eller funksjon. Storleik og omfang treng ikkje vere avgjerande. Fagleg kvalitet og særleg grad av nytenking m.m. kan også ligge til grunn for at eit tiltak har regional verdi.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.