Tilskot til inkludering av barn og unge 2025

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge,” er no lyst ut for 2025. De finn informasjon på Bufdir sine nettsider. Frist for å søke er 1. november.

Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søke

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Frist for å søke

1. november 2024

Slik søker du

1) Sett deg inn i regelverket og informasjonen på ordninga si nettside.

2) Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knytast til ein deltakande kommune (sjå nettsida av tilskotsordninga for unntak frå denne regelen). Det skal søkast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordninga si nettside for meir informasjon om desse). 

Etter at du har sendt søknaden

Slik blir søknadene behandla:

Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadene på besluttande politisk eller administrativt nivå.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gang med den endelege saksbehandlinga av søknadene. Det vil vere informasjon på Bufdirs nettsider om forventa saksbehandlingstid.

Kontaktperson

Marie Strand Fugelsnes, Folkehelserådgjevar. 

Telefon: 55 08 11 16