Test av nødvarsel 12. juni

Illustrasjon av test av nødvarsel - Klikk for stort bileteTest av nødvarsel DSB

Onsdag 12. juni kl. 12:00 blir nødvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjere noko. 

Om lag klokka 12 vil du få ei melding på mobil og mobiltelefonen vil vibrere og gje ifrå seg eit høgt lydsignal. Om du ikkje får meldinga betyr det at mobiltelefonen din er eldre eller at du ikkje har oppdatert den til å ta imot nødvarsel.

Meldinga fjernar du på vanleg måte, etter kva mobiltelefon du har.

Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Samtidig testar Sivilforsvaret tyfonanlegg i heile landet med varsel "Viktig melding - søk informasjon".  Tilsvarande test blei gjort i januar i år.

Denne nasjonale testen vil høyrast godt, særleg om det er mange menneske samla.

Du kan finne meir informasjon her.