Nytt inntektssystem får store konsekvensar for Austevoll

Regjeringa har lagt fram forslag til nytt inntektssystem for kommunane i Norge. Austevoll kommune kjem svært dårleg ut og det er foreslått ein reduksjon på nærare 30 millionar kroner per år. Dette vil få store konsekvensar for Austevoll kommune, fortel ordførar Bente Kari S. Taranger.

Tysdag 14. mai blei forslag til revidert nasjonalbudsjett lagt fram av regjeringa. Forslaget inneheld også forslag til nytt inntektssystem for kommunane i Noreg. Regjeringa har lenge jobba med ei endring av inntektssystemet og Austevoll har vore budd på ei endring der inntektene blir redusert. Forslaget frå regjeringa viser at endringa er større enn venta. 

- Forslaget viser at Austevoll kommune vil miste inntekter på nær 30 millionar kroner i 2026. I 2025 mistar vi cirka 21 millionar. Dette er dramatiske tal for ein kommune som Austevoll. Kva konkrete konsekvensar dette vil få, må vi jobba meir med å avklare, seier ordførar Bente Kari S. Taranger.  

Det er særleg reduksjon i skatt på formue og utbytte som påverkar inntektene til Austevoll. Kommunen vil ikkje lenger motta utbytteskatten og andelen av formueskatt er foreslått halvert.   

- Vi må bruke dei neste dagane og vekene til å rekne på kva konsekvensar dette vil få for den økonomiske situasjonen til Austevoll. Vi planlegg å ha ein første gjennomgang for formannskapet i eit strategimøte 27. mai, fortel kommunedirektør Hogne Haugsdal.