Invitasjon til felles møte med frivillige organisasjonar og interessegrupper - Hjelp oss i planlegginga!

13.  august kl. 18.00 på kommunehuset, kantina.

Austevoll kommune arbeider med å kartlegge kva utfordringar kommunen, innbyggjaren og næringslivet vil møte dei neste 10 åra.  Vi treng hjelp frå alle for å få innbyggaren og organisasjonen sitt perspektiv i planlegginga.  

Tema som du kan ha i bakhovudet før møtet er korleis vi skal møte framtida dei neste 10 åra:  

  • kompetanse 
  • infrastruktur 
  • godt liv 
  • oppvekst 
  • arbeidskraft 
  • kultur og fritid 
  • næring 
  • berekraft  
  • klima  
  • sikkerheit og beredskap 
     

Arbeidet vi gjer ilag vil vere grunnlag for kommunen sin planstrategi og kommuneplan sin samfunnsdel.