Influensavaksinering og koronavaksine

Austevoll kommune arrangerer vaksinedagar mot influensa og korona.

Drop-in timar

Storebø
Helsehuset 3. etasje,                           

  • onsdag 16. oktober klokka 16.00-20.00
  • måndag 21. oktober klokka 16.00-20.00


Bekkjarvik
Sosialt rom, Selbjørn skule           

  • torsdag 17. oktober klokka 16.00-20.00

 

Vaksinasjon på legesenteret på Storebø
Korona- og influensavaksine kan du også få kvar dag på legekontoret frå 16. oktober 2024. Ta kontakt for timeavtale.
 

Målgrupper

  • personar over 65 år 
  • vaksne og barn i risikogruppene:
    Hjarte- og lungesjukdom inkludert astma, diabetes, lever- og nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom, immunsupprimert, overvekt (KMI>40) og gravide i 2. og 3. trimester.


Kva kostar det?

Pris for influensavaksine er 250 kroner. 
Koronavaksine er gratis.

NB! Kostnaden blir ikkje dekka av frikortordninga.